Karmsund bru – verst i landet for mjuke trafikantar

Karmsund bru knytter Karmøy sammen med Haugesund og fastlandet. For syklister er brua mer en barrière enn et bindeledd, skriver Knut W. Selsaas, som er leder i Syklistenes Landsforenings lokallag. Innlegget har stått på trykk i Haugesunds Avis.

Knut W. Selsaas, 10.02.2010 11:30

Karmsund bru – verst i landet for mjuke trafikantar

Karmsund bru. Sidan 1955 har ho tjent som det einaste vegsambandet mellom øysida og fastlandsida av Karmøy kommune. Mellom Karmøy og resten av regionen. Og resten av verda for den saks skuld.

Trafikken har auka heile tida. Frå å ha rikeleg kapasitet dei første åra for store og små bilar, motorsyklar, traktorar, syklistar og sikkert ein og annan hest og kjerre, til i dag der motoriserte kjøretøy fullstendig har tatt over. Hest og kjerre er ute av bildet og syklistane er fortrengde frå der dei i utgangspunktet skal vera - i vegbanen - til fortauet som eigentleg er fotgjengarane sitt heilage område.

I dag passerer nær 20000 bilar over brua kvart døgn. Frå 2013 er det venta ein viss, men ikkje særleg stor, nedgang pga T-forbindelsen. Om 20 år er det, i fylgje vegvesenet sitt forprosjekt for RV 47 Utvik – Norbøkrysset, venta at omlag 23000 kjøretøy passerer Karmsund bru kvart døgn.

Trass i den tette trafikken glir det stort sett greit. I morgon- og ettermiddagstrafikken kan det til sine tider gå tregt, men det stoppar sjeldan heilt opp. Men det er altså biltrafkken. Dei mjuke trafikantane, derimot, har det verre. Vel ein meter er fortauet der fotgjengarar og forviste syklistar skal ferdast. Når to store kjøretøy møtes må dei svært nær fortauskanten for å gå klar av einannan. Og i enkelte tilfelle kan dei vera så nær kanten at speglane på høgre side faktisk er innover fortauskanten. For mjuke trafikantar å bli pressa mellom tungtrafikk på den ein sida og rekkverket på andre sida kjennest svært trugande. Derfor er også trafikken av fotgjengarar, og i enno større grad syklistar, svært låg, og langt lågare enn den burde vore. Karmsund bru er som innsnevringa i eit timeglas. Dei store og sterke kjem seg gjennom denne innsnevringa, mens dei små og lette blir skvisa.

På Statens vegvesen sine internettsider kan me lese at vegvesenet skal "arbeide for et sikkert, miljøriktig og effektivt transportsystem". Sykkelen er det mest "miljøriktige" transportmiddelet me kjenner til, men over Karmsund bru er det verken sikkert eller effektivt å bruke sykkel. For vegvesenet vil ikkje ha syklistar på Karmsund bru. Alt som er gjort frå den kanten er å setje opp store skilt der dei oppmodar syklistane om å leie syklane over brua. Og ein syklist som leier sykkelen er som kjent ikkje lenger syklist, men fotgjengar!

Å oppmode om å leie sykkelen opp brua er ein ting, men det er eit overgrep mot syklistar å be dei leie sykkelen ned igjen. Derfor syklar også dei fleste ned igjen. Nokre på fortauet og andre i vegbanen. Eg vil tru det siste er det tryggaste. Dette pga faren som oppstår ved forbikøyring. Vegvesenet si eiga tolking av Vegtrafikkloven seier m.a. dette: "Ved forbikjøring av syklende er det viktig at denne får særlig god plass. En sykkel lar seg ikke styre helt presist. Dessuten vil luftpresset fra forbikjørende lett bringe sykkelen ut av balanse. Halvannen meter bør normalt være minste avstand. Kan den syklende ikke få trygg plass, må forbikjøringen utsettes." Eg ser ingen grunn til at dette ikkje også skulle gjelde dei som syklar på fortauet. Min påstand er at ikkje ein einaste bil, liten eller stor, held denne avstanden frå syklistar på fortauet. Syklistar i vegbanen må biltrafikken i langt større grad ta omsyn til. Biltrafikken blir heller ikkje nevneverdig forsinka av syklistar som brukar vegbanen ned brua. Og eg finn også god grunn til å stille spørsmål om kor mykje ein syklist blir forsinka om han må leie sykkelen over brua og om det er betre at syklistane blir forsinka enn bilistane.

Heller ikkje Karmøy kommune ser ut til å bry seg. Også frå den kanten tyder alt på at ein lukkar augene igjen for forholda på Karmsund bru. Eg er nokså sikker på Karmøy er den einaste kommunen i landet der mjuke trafikantar ikkje kan ta seg frå ein del av kommunen til ein annan på forsvarleg vis.

Når det gjeld tilrettelegging for biltrafikk er viljen i Karmøy kommune svært så stor. Mange huskar den mangeårige kampen før ein fekk bygd Norbøkrysset og enno fleire år før ein no er i gang med T-forbindelsen. Og sist haust måtte Karmøy kommune gje seg på å bruke 50 millionar ekstra på firefeltsveg mellom Norheim og Raglamyr. Iveren for å legge til rette for gode løysingar for sykling er nok meir blanda . Langs RV 47 er det alt frå svært gode gang- og sykkelvegar til lite sykkelvenlege omkjøringar som gjer det både tyngre og meir tidkrevjande å sykle enn det burde.

I Nasjonal Transportplan for 2010-2019 kan me lesa at "Sykling skal bli ei viktigare transportform i Noreg." Og vidare: "Samferdselsdepartementet vil ta initiativ til at det i fellesskap med lokale styresmakter vert etablert eit system i form av ein såkalla sykkelrekneskap. Der staten går inn med vesentlege midlar vil det bli stilt krav om at kommunar og fylke følgjer opp sin del av planane." Karmsund bru er kanskje den verste plassen for syklistar og forgjengarar i heile landet. Så initiativet frå departementet burde forplikte Karmøy kommune. Og me veit også kva ein har å kjempe mot når det er snakk om fylkeskommunale midler. Så her gjeld det å stå på! Karmsund bru må stå på topp av prioriteringslista når det sykkelfremjande tiltak i Rogaland! Tida vi vise om Karmøy kommune er klar over ansvaret sitt. Det er vidare ei gåte at ingen tiltak på Karmsund bru så vidt eg kan sjå er med i Haugalandspakken.

Derfor krev Syklistenes Landsforening på Haugalandet at det straks blir sett i verk utgreiingsarbeid om korleis mjuke trafikantar generelt, og syklistar spesielt, skal kunne komme seg over Karmsund bru på ein sikker og effektiv måte. Situasjonen er så prekær at det hastar å komme i gang straks om det ikkje skal gå unødig lang tid før ein kan sjå noko konkret.

 

Knut W. Selsaas
Syklistenes Landsforening avd. Haugaland

 



Til toppen - Tips en venn!